Ny rekord for klimagassar i atmosfæren

Konsentrasjonen av drivhusgassar i atmosfæren vår var på eit rekordhøgt nivå i 2020. Dei auka meir enn gjennomsnittet for det forrige tiåret.

Det sler ein ny rapport frå Verdas meteorologiske organisasjon fast.

Sjølv om utsleppa gjekk ned med 5,6 prosent grunna Korona-pandemien, hadde det ingen stor effekt på kor mykje klimagassar som var å spora i atmosfæren, skriv NTB.

Må tenka nytt

Rapporten kjem ut berre nokre dagar før Klimatoppmøtet i Glasgow startar opp. Barnas Klimapanel sender ein egen delegasjon til møtet i år.

– Med auka drivhusgassar vil me sjå ein temperaturauke mot slutten av århundret som er høgare enn målet i Parisavtalen på mellom 1,5 og 2 grader, seier Petteri Taalas, som er sjef for Verdens meteorologiske organisasjon.

Han seier at me må tenka nytt og gjera nytt når det gjeld industri, energi og transportsystem i tillegg til korleis me lever på jorda.

– Me har inga tid å mista, seier han.