Facebook utviklar nytt univers

Facebook har kunngjort at dei jobbar med å utvikla eit såkalla «metavers» (meta + universe) – ei verd der folk skal kunna leva livet sitt i ei virtuell verkelegheit.

I går kom meldinga om at selskapet som eig Facebook, Instagram og Whatsapp no endrar namn til «Meta». Men, det sosiale mediumet Facebook skal framleis heita det – det er berre selskapet som skiftar namn.

– Det er ikkje overraskande at Facebook går denne vegen, det har vore tydeleg lenge, seier medieviter Ida Aalen til VG.

Facebook, som også eig plattforma Oculus, som driv med virtuell verkelegheit (VR), planlegg mellom anna å la brukarane nytta VR-briller for å få det til å verka som om ein står ansikt til ansikt med ein nokon, uansett kvar i verda ein er.

Har fått mykje kritikk

Facebook har møtt mykje motstand den siste tida. Frances Haugen, ein tidlegare produktsjef i selskapet, stod fram som varslar i Wall Street Journal. Det betyr at ho varsla om at noko skummelt skjer bak lukka dører i bedrifta som har utvikla Facebook.

– Eg er her fordi eg meiner Facebook skadar barn, skaper skilje og svekker demokratiet vårt, sa ho i høyringa i Senatet i byrjinga av oktober.

Ho hevda at Facebook held tilbake informasjon, og at dei òg deler informasjon som dei veit er skadeleg for samfunnet, fordi dei set vekst og inntjening framfor alt anna.

Ifølgje AP har Facebook rundt 2,8 milliardar brukarar verda over i månaden.