Kongen vil ikkje blanda seg inn krangel mellom Danmark og Sametinget

Sametinget har sendt krav til danskedronninga om å få behalda ei sjeldan tromma. Men kong Harald trur ikkje at dronninga vil blanda seg, og han vil ikkje blanda seg inn i krangelen sjølv heller.

– Eg har vel dei same tankane som ho har, tenkjer eg, at det blandar ho seg ikkje borti. Det får spesialistane finna ut av, seier kong Harald til NRK. 

Han har nyleg vore på reise i Finnmark og fått med seg krangelen ved det samiske museet i Karasjok. Museet har bedt Danmark om å få behalda ei samisk tromma som vart konfiskert etter trolldomsprosessane i 1692. Den gongen blei tromma tatt frå samane og sendt frå Sápmi til København.

Denne spesielle tromma vart tatt frå den samiske sjamanen Anders Poulsson i 1692. Han vart arrestert fordi han brukte tromma. I avhøyr fortalte Poulsson at han brukte tromma til å skaffa lykke for reindrift og lindra smerte. Tromma vart deretter konfiskert og sendt til kunstkammeret til den danske kongen i København.

Trolldomsprosessane

Under trolldomsprosessane vart kvinner og menn ført for retten skulda for trolldom. I landet vårt ramma denne forfølginga Finnmark særleg hardt. I perioden 1600–1692 vart 135 menneske skulda for trolldom og ført for retten i Finnmark.

Sidan 1979 har den sjeldne samiske tromma vore tilbake på samisk jord, men berre på utlån fram til 1. desember i år. No vil museet behalda tromma.