Elevane dyrkar i matskogen for å passa på miljøet: – Det er me som skal arva jorda

På Landås skole i Bergen, er fleire av elevane med i Klimaklubben. Noko av det dei brukar tida si på, er å vera i matskogen ved skulen.

Lagar mat: Kai Elias Gjengstø, Ishak Mete Altun, Kristian Kjenes Sjursen, Alma rocio Posserud Glenjen og Linnea Bjørnerud Remmem lagar mat av det dei har dyrka fram sjølv.

– Viss me dyrkar maten vår sjølv, unngår me at den må transporterast hit frå ein anna plass i verda. Det er heller ingen sprøytemiddel på mat du dyrkar sjølv, og me unngår at maten blir pakka inn i unødvendig plast, seier Endre.

For å læra meir om klima og miljø, har han og dei andre i Klimaklubb-gruppa hans, Solveig, Mali, Martin, Benjamin og Markus, tilgang på ein egen matskog i nærleiken av skulen.

Lærar Endre fortel at kvar klasse i 6. trinn har fått eit eige område i matskogen.

– I tillegg til å laga mat og driva med dyrking, så lagar me mykje ting når me er i matskogen, seier 6. klassingane.

Lagar sirup av løvetann

Klimaklubben er ein klubb for barn som gjer noko bra for klima eller natur. Saman jobbar dei for at jorda skal bli ein enda betre plass å bu. 

– Me prøver både å gjera gode ting sjølv og å inspirera andre, seier elevane.

I skogen har dei mellom anna lært å bygga eit gjerde av pinnar, dei har laga biekassar, piggsvinhus og lært å ta stiklingar frå bærbuskar. Og så dyrkar dei fleire typar vekstar.

– Me har dyrka potet, kål, mint, løk og vanlege bærbusker. Me har masse løvetann som me lagar sirup av.

Elevane forklarar at sirupen faktisk smakar sirup – og ikkje løvetann.

– Me brukar stilken på løvetannen og blandar den saman med sukker og vatn, seier Benjamin.

Hus til dyr: Noko av det klubben har lært, er å laga ting i skogen. Her viser Linnea Bjørnerud Remmem, Martin Hov-Johannessen, Åsmund Rise-Ulveseth og Alma rocio Posserud Glenjen fram eit piggsvinhus.

Viktig å ta vare på jorda

Elevane har vore med i Klimaklubben dei siste to åra, men eigentleg har dei jobba for klimaet og jorda mykje lenger.

– Me har hatt fokus på klimaet og miljøet heilt sidan me starta i 1. klasse, og no går me i 6. klasse, seier dei.

Grunnen til at dei vil vera med i klubben, er fordi dei synest at det er viktig å ta vare på jorda. – Her i Noreg ligg me jo greit an med tanke på klimaet, men me kan jo hjelpa til, seier Martin.

– Det er me som skal arva jorda, og då me ta vare på den, seier Mali.

Ta ei potet: Poteten er den lettaste veksten å dyrka. – Me stappar berre ein liten bit av ei potet ned i bakken, og så blir det ny potet, seier Benjamin Bjørkelund Dyngeland. Her har Alma rocio Posserud Glenjen og Linnea Bjørnerud Remmem laga chips av poteten.

Dette gjer Klimaklubben for jorda i kvardagen:

  • Benjamin tek av lyset heima
  • Endre fiksar øydelagde klede, i staden for å kjøpa nytt
  • Mali prøver å påverka familien til å eta enda mindre kjøt
  • Solveig går til skulen kvar dag
  • Martin prøver å kjeldesortera meir i bosset
  • Markus går til skulen og prøver å eta opp maten, for å unngå at mykje blir kasta