Leiketøysprodusentar håpar barn ønskjer seg små gåver til jul

Det er stor mangel på containerar og skip som kan frakte dei. Derfor håper leiketøysgigantane at barn ønskjer seg små pakkar til jul.

På grunn av koronapandemien er det stor mangel på containerar i Asia. Dei vart ståande tomme i Europa og USA då landa stengte ned, skriv NRK. Der står dei framleis.

Det gjer at det manglar containerar å fylla med mellom anna julegåver som er laga i Asia. Samtidig er det færre fraktfartøy enn før pandemien.

Det gjer at prisen er skyhøg for å leiga plass i dei få containerane som skal få vara med over havet frå Asia til Europa og USA.

Liten plass

Dermed må leiketøysprodusentane pressa så mange leiker som mogleg inn på den vesle plassen som finst i containerane frå mellom anna Kina.

Løysinga er å gå kraftig ned i tal store leiketøy, og heller satsa på små leiker. Små, mjuke leiker som det kan pressast mange av inn på ein avgrensa plass i ein container.

Dukkehus, store bilar og alt anna som tar stor plass har måtta venta til neste år.