Køyrde gjennom Europa i heimelaga bil

Med hjelp av sola som energikjelde, greidde ei gruppe med studentar å ta seg 3000 kilometer gjennom Europa – frå Nederland i nord til Spania i sør.

Bilen som frakta studentane gjennom heile Europa, er ein campingbil som studentane har bygd sjølv. Studentane går på Universitetet i Eindhoven i Nederland, og der fekk dei i oppgåve å laga ein bil som brukar energi frå sola.

Dei kallar han faktisk for noko så kult som «eit sjølvgåande hus på hjul». Offisielt har studentane valt å kalla bilen for Stella Vita, skriv Aftenposten.

Foto: Bart van Overbeeke // Faacebook // @Solar Team Eindhoven

Kan køyra lenger enn Bergen – Trondheim på fine dagar

Studentane tok fatt på turen gjennom Europa, som var på om lag 3000 kilometer, den 19. september. Undervegs har dei tatt mange pausar for å fortelja om bilen sin, og fleire aviser har skrive om dei.

Dei har mellom anna kunna skryta av at taket på bilen er dekt med solceller, som skal samla og gi energi som skal nyttast til fleire formål. Først og fremst skal energien bidra til at bilen skal kunna røra seg, men han skal også gi kraft til tv, lys og anna som er å finna inne i campingbilen.

På ein dag der det er skyfritt, skal campingbilen greia å flytta seg 720 kilometer. Det er faktisk lenger enn avstanden mellom Bergen og Trondheim! På ein overskya dag, kan han flytta seg om lag 600 kilometer.