Kvifor har soloppgangar og solnedgangar så fine fargar?

Raud, gul, oransje og lilla. Kvar kjem fargane i horisonten frå?

Både den blå himmelen og dei raude, gule, oransje eller lilla soloppgangane og solnedgangane skuldast sola. Men, fargane me ser på himmelen blir endra frå dag til dag. Kvifor er det slik?

Ung.Forskning.no har snakka med Anders Doksæter Sivle, forskar ved Meteorologisk institutt.

– Den blå fargen som himmelen har får han ut ifrå korleis sollyset blir spreidd i partiklar i atmosfæren, seier Sivle.

Han fortel at sola sender ut lys med alle bølgjelengder av synleg lys, det vil seia med alle fargar vi kan sjå. Fargane i sollyset har ulik bølgjelengde og det gjer at dei blir påverka på ulikt vis.

Vanlegvis er det den blå fargen som blir mest spreidd i luftpartiklar i atmosfæren. Dette gjer at vi ser himmelen som blå. Ved solnedgang og soloppgang får sollyset ein lenger veg gjennom atmosfæren. Når sollyset må reisa lengre gjennom atmosfæren, så blir det blå lyset bøygd heilt bort slik at vi ikkje kan sjå det.

Foto: Pixabay