Gorilla-mødrer kan bera lenge på ein død unge

Forskarar har undersøkt korleis apar reagerer når ungen deira døyr.

Forskarar diskuterer om aper eigentleg har forståing for døden, skriv Ung.Forskning.no. Dei har sett gorillamødrer bera rundt på døde ungar og undra seg over kvifor det er slik.

– Det vi ikkje veit, og kanskje aldri vil få vita, er om aper kan forstå at alle dyr, inkludert dei sjølv, kjem til å døy, seier forskar Alecia Carter i ei pressemelding.

Kan handla om kjensler og sorg

– Studien vår viser at mødrer med eit sterkare band til ungen sin ber på han i lengre tid. Kjensler speler kanskje ei viktig rolle, seier forskar Elisa Fernández Fueyo.

Ho forklarer vidare at meir erfaring med døden kan sjå ut til å påverka gorillamødrene i motsett retning. Altså at dei vel å ikkje bera på den døde ungen, sjølv om dei kanskje opplever sorg. Det kan handla om at dei etter kvart forstår at den døde ikkje kjem til å vakna opp att, trur forskarane.

Oftast var det yngre mødrer som bar på ungen sin. Kanskje nettopp fordi dei hadde mindre erfaring med døden. Dei fann òg at mora oftare bar på ungen viss den hadde døydd ein naturleg død, og sjeldnare viss han til dømes hadde døydd i ei ulykke.