Saga Aurora (7) er med på haustjakta 

Saga Aurora Lund-Andersen likar seg på jakt med mamma og pappa. Så langt har ho vore på både duejakt, rådyrjakt, elgjakt og hjortejakt.

– Eg var fem år fyrste gong eg vart med mamma og pappa på jakt. Me har vore på mange turar, og nokon gonger er det kjempegøy. Andre gongar kan det vera litt kjedeleg. Det er gøy viss me finn dyr. Og eg likar veldig godt å sjå etter dyrespor i skogen, fortel Saga Aurora.

Når familien skal ut på jakt har dei mykje dei må hugsa på.

ERFARING: Det er viktig å ha det koseleg i skogen – så familien lagar ofte bål og Saga Aurora får godteri og kakao når ho speidar etter dyr. Foto: Anne Cecilie Lund-Andersen

– Det første me må gjera er å setja opp utstyret me har med. Stolar, sitjeunderlag, kikkert og gevær. Me må også ha med radio for å kommunisera med andre jegerar. Me spør dei om dei har sett dyr eller spor, fortel mamma Anne Cecilie.

Jakt i måneskin

– Me slepp hundane slik at dei kan hjelpa oss å leita etter dyr i skogen. Ein gong slapp ein annan jeger laus ein hund – men hunden kom heller til meg for å kosa, ler Saga Aurora. 

Når familien skal ut på jakt er dei av og til ute i måneskin i skumringa. Og viss det er fullmåne blir det gjerne endå seinare på natt før dei pakkar saman.

– Då hender det eg får vera oppe seint og sitja med iPad og godteri i jaktbua, fortel Saga Aurora.

JAKTHUNDAR: Familien har to jakthundar. Dash, som er ein svensk jämthund, og Bolt som er ein strihåra dachs. Dei skal vera med på jakt no i haust. Foto: Anne Cecilie Lund-Andersen

Må vera musestille

– Det er viktig å vera musestille når me sit på post i skogen. Det kan vera litt kjedeleg og kaldt, så det er viktig å ha med kakao og godteri som ikkje bråkar. I tillegg har me med elektriske varmedingsar som hjelper oss å ikkje frysa. For eksempel varmevest og varmemuffe til hendene, fortel mamma Anna Cecilie. 

Dei jaktar både vår, vinter og på hausten.

– Me må jakta når det er lov å jakta. Det er det styresmaktene som bestemmer. Så er det viktig å ha både jaktrett og jaktkort, fortel Anne Cecilie.

Når dei fell eit dyr er familien veldig opptekne av at alt ved dyret skal brukast. Dei jaktar for å bruka heile dyret. 

– Eg er flink til å flå dyr. Det betyr at me tek av skinnet på dyret og kuttar av hovudet, fortel Saga Aurora.

TAR VARE PÅ KJØTET: Familien er svært nøye med å ta vare på kjøtet dei får frå jakta. Saga Aurora er med på alt frå dyret blir skote til kjøtet blir ete til middag. Ho byrjar å bli flink til å flå og dele opp dyret. Foto: Anne Cecilie Lund-Andersen