Den sibirske tigeren Boonya har fått tre ungar

På 1940-talet var det berre 20-30 tigrar att i naturen. Eit viktig arbeid med å bevara tigrane har gjort at talet har auka, og i dag er det 400-500 tigrar i naturen. No er det komme tre nye tigerungar i Kristiansand Dyrepark.

FAKTA: Sibirsk tiger
  • Norsk namn: Sibirsk tiger
  • Utbredelse: Asia (Sibir, Nord-Korea og Kina)
  • Leveområde: Skog
  • Vekt: 100-300 kg
  • Kroppslengde: 1,4-2,8 m
  • Levealder: 15-20 år
  • Tal ungar: 2-4
  • Drektighetstid: 3,5 månader
  • Mat: Hjortedyr, villsvin, andre dyr og fisk
  • Status: Sterkt truga (raudlista)
LES FAKTALUKK FAKTA

– Endeleg har det skjedd det vi har venta på! Boonya har fødd tigerungar, og alt ser ut til å stå bra til med tre av fem i kullet, seier biolog Tina Haagensen.

Dessverre overlevde ikkje to av ungane. 

– Det er ikkje uvanleg at slikt skjer. Det viktigaste no er at Boonya får kvila slik at ho kan ta seg av tigerungane sine, seier ho. 

Dei tilsette i Dyreparken gler seg til å følga med på tigrane vidare. 

RØNTGEN: Dyrepassarane mistenkte lenge at Boonya var drektig, men det var vanskeleg å få tatt røntgenbilde av tigeren. Foto: Daniel Schjøtt / Dyreparken

– Fødselen er òg svært gledeleg for bevaringsprogrammet som tigrane våre er ein del av. Tigerungane vil no vera med på å sikra ein sunn bestand for sibirske tigrar i framtida, seier marknads- og kommunikasjonsdirektør Anniken B. Schjøtt.

Hanntigeren Amur (8) kom frå Magdeburg Zoo i Tyskland i mai. Han kom til Dyreparken for å vera saman med Boonya (10). Begge dei sibirske tigrane er ein del av eit bevaringsprogram for dyreparkar. Det betyr at Dyreparken jobbar saman med andre dyreparkar for å avla fram fleire tigrar, Like etter dei møttest for fyrste gong viste tigrane stor interesse for kvarandre. Etter ei tid med tilvenning for Amur vart paret sett saman. Resultatet vart paring over fleire dagar. 

Bevarer tigrane for framtida

Det er bevaringsprogrammet som avgjer kva tigrar som skal få ungar. Dei vurderer kven som passar best saman genetisk. Målet er å ha ein sunn bestand av tigrar i dyreparkane i verda som ein reserve for framtida.

– Det blir jobba aktivt med å bevara dei sibirske tigrane i naturen, men øydelegging av leveområdene deira, jakt og mangel på byttedyr truar dei framleis. Derfor er det viktig at me samtidig sørger for at me har ein reservebestand i dyreparkane i verda, seier Helene Axelsen som er biolog i Dyreparken.

Fakta om paring

Tigeren lever åleine og er berre saman i paringstida. Når hoa kjem i brunst vil ho luktmarkera området, og hanntigeren vil oppsøka henne. Hoa får eggløysning når parringa startar. Derfor parar tigrar mange gonger, opptil tre gonger i timen, dei dagane paringa føregår. Brunsten kan vara i fem dagar. 

PARING: Etter ei tid med tilvenning for hantigeren Amur vart paret sett saman. Resultatet vart paring over fleire dagar. Foto: Dyreparken

Historia om Boonya

Boonya kom Dyreparken februar 2013. Ho kom frå ein dyrepark i Novosibirsk i Russland der ho vart fødd 9. mai 2001. Mora hennar vart funnen fastklemt i ein snare ute i naturen i Sibir. Snaren var sett ut av krypskyttarar, men heldigvis vart ho funne av skogvoktarar som tok seg av henne. Ho fekk deretter behandling av veterinær. Beinet var for skadd til at ho kunne tilbakeførast til naturen, og vart derfor behalde av dyreparken i Russland. Mora vart ein del av det internasjonale bevaringsprogrammet for sibirske tigrar, og ho fekk fleire ungar, mellom dei Boonya.