I dag er verdsdagen for psykisk helse

Verdensdagen for psykisk helse blir markert over heile verda 10. oktober kvart år.

Målet er å auka kunnskap og forståing om kva som gir god psykisk helse, og gjera det lettare å snakka ope om korleis me har det, skriv Verdsdagen på nettsida si.

I Noreg blir verdsdagen markert på ulike måtar over heile landet. Skular, studiestader, verksemder, kommunar, organisasjonar og engasjerte einskildmenneske gjer sitt for å setja fokus på psykisk helse denne dagen.

Pandemi blir tema

I år blir temaet livet under og etter ein pandemi. Dagen skal visa oss kor verdifulle me menneske er for kvarandre, og kor viktig det er for oss med eit godt fellesskap.

Derfor oppfordrar årets kampanje alle til å ta vare på både seg sjølv og dei rundt oss, slik at me unngår at folk føler på einsemd og utanforskap.