Alle kan oppleva panikkanfall

Panikkanfall er veldig ubehageleg, men ikkje farleg. Det er likevel lurt å søka hjelp om du føler at panikkanfalla styrer livet ditt.

Dei som opplever panikkanfall blir redde for at dei skal døy, få hjarteinfarkt, bli kvelt/ikkje få pusta, missa kontrollen, bli galen, besvima eller kasta opp. Mange blir òg redd for at andre skal sjå at dei er redde, skriv Ung.no.

Treng du nokon å snakke med?

Opplever du angst/frykt med uvanleg styrke og varigheit, er det naudsynt å søka hjelp. Då er det viktig å snakka med nokon. Ein vaksen du stolar på – til dømes ein lærar, helsesjukepleiar, foreldra dine eller nokon andre.

Du kan også ringa alarmtelefonen for barn og unge på telefon: 116 111.