Josefine og Oskar sine tips til deg som vil melda deg på MGPjr 2022

Det er berre nokre dagar att til det er for seint å melde seg på MGPjr! Kast deg rundt og send inn ditt bidrag! Her får du hjelp frå dei førre vinnarane Josefine (9) og Oskar (10) som vann finalen i 2021 med låta «Smitte deg med glede».

Josefine og Oskar valte å skrive om korona då dei skulle senda inn sitt bidrag til NRK Super i fjor.

– Me ville at folk skulle smitta kvarandre med glede, song og dans i staden for sjukdom, fortel Oskar.

– Ja – og kjærleik, seier Josefine.

Då dei hadde funne ut at dei ville skriva om å smitta kvarandre med glede, starta dei å jobba med rimord.

ALLSANG PÅ GRENSEN: I sommar har Josefine og Oskar vore med på Allsang på grensen. Der møtte dei Hanne Krogh som er ein av Noregs største artistar. Ho har vunne Melodi Grand Prix. Foto: Privat

– Eg hugsar me skreiv mange setningar ned på eit ark. Så prøvde me å finna rimord. Og så byta me rundt på orda. Me lo og tulla mykje, fortel Josefine.

– Me leika litt, og så sette me oss ned for å skriva meir. Så leika me igjen, seier Oskar.

Viktig å leika

Dei merka at dei blei meir kreative då dei gjorde kjekke aktivitetar.

– Eg var på sykkeltur då eg plutseleg kom på noko me burde ha med i songen, fortel Oskar.

– Ja, og eg gjekk på skitur då eg plutseleg starta å nynna på ein melodi. Eg tok opp mobilen for å ta opp, og så sende eg til Oskar. Så gjorde han det samme tilbake, fortel Josefine.

Dei to avtala å møtast for å jobba med songteksten, og nokre gongar til for å jobba med melodien.

OSKAR: – Ein treng ikkje ha med instrument når ein sender inn ei låt. Viss songen din blir valt ut, får du hjelp til det, fortel Oskar. Foto: Privat

– Me går ikkje på same skule, så me måtte jobba litt kvar for oss også, fortel Josefine.

Klapperegle blei til rap

Songen har også ein kul rap.

– Me tulla med ord og rim me kunne frå før, og ei klapperegle me kunne frå før. Den klappeleiken leika me ofta leika i pausane, fortel Josefine.

JOSEFINE: – Det var lettare å laga låta saman enn åleine. Oskar kom på ting, og så kom eg på noko – og så fekk me det til ilag, fortel Josefine. Foto: Privat

Då låta og melodien var klar, fekk dei hjelp til å spela inn songen dei skulle sende inn.

– Det var mamma og Ingunn, mammaen til Oskar, som filma med telefonen – og så spela ein som heiter Lars Andreas piano, fortel Josefine.

Begge har gode råd til deg som vil søkja i år:

– Leik med ord og melodi, det er ikkje alltid ein får det til med ein gong. Då kan du gjera noko anna, og plutseleg kjem du på noko lurt, seier Oskar.

– Lag låta saman med nokon. Det gjer det ekstra gøy!, fortel Josefine.

Dette er NRK Super sine reglar for påmelding:

  • Du/de må vera mellom 8 og 16 år når finalen blir halden i slutten av mai 2022.
  • Du/de må ha laga tekst og melodi sjølv.
  • Du/de må syngja på norsk (gjerne på dialekta di) eller samisk og vera folkeregisteret i Noreg.
  • Opptaket skal vera enkelt. Profesjonell studioinnspeling blir ikkje vurdert (dette gjeld ikkje band. Rapparar kan bruka ein ferdig beat og Dj’s kan levera ei datafil.
  • Songen bør vera mellom 2:30 og 3:30 minutt lang.
  • Songen skal ikkje ha vore utgitt før, og skal ikkje framførast offentleg til mange før lansering viss han kjem med.
  • Du må laga tekst og melodi sjølv og det held at du syng songen. Gitar eller piano kan brukast viss du treng, men pass på at mikrofon eller mobil ikkje er for nær instrumentet.
  • Få hjelp av ein vaksen til å fylla ut skjemaet og ta opp lyd eller video når du syng.

Siste frist for påmelding er 11. oktober 2021