Kunstnarar har pakka inn Triumfbogen

Dei som er i Paris for tida, kan møta på eit noko uvanleg syn. Eit av byens mest kjente landemerke, Triumfbogen, er fullstendig pakka inn i eit sølvblått stoff.

Triumfbogen er eit massivt monument som er forma som ein boge. Det vart bygd midt i Paris for å heidra minnet om franske soldatar.

Innpakninga er det Christo og kona hans, Jeanne-Claude, som står bak. Sjølv om både Christo og Jeanne-Claude er gått bort, var dei berømte for sine enorme kunstverk utandørs, som ofte blir kalla «installasjonar», skriv Newsforkids.

Foto: Benjamin Loyseau
© 2021 Christo and Jeanne-Claude Foundation

Pakka inn alt frå bygningar til bruer

Christo og Jeanne-Claude utforska mange idear, men kreasjonane deira var aldri designa for å vera permanente. Eit minutt var dei der, og nokre veker seinare var dei borte.

Dei har pakka inn alt frå bygningar og bruer i Europa til ein kystbit i Australia. Ideen om å pakka inn Triumfbogen, kom Christo på for nesten 60 år sidan. Som ung budde han i Paris, i eit lite rom like ved monumentet. I 2017 bad han den franske regjeringa om løyve til å gå vidare med planane sine.

Dessverre døydde Christo i fjor, før prosjektet kunne fullførast. Jeanne-Claude døydde i 2009. Men Christos nevø, Vladimir Yavachev, klarte å fullføra prosjektet. Yavachev hadde jobba som Christos assistent sidan han var 17.

Foto: Matthias Koddenberg
© 2021 Christo and Jeanne-Claude Foundation

– Dette er det kunstnarisk eventyr handlar om

«L’Arc de Triomphe, Wrapped» opna den 18. september. Den franske presidenten, Emmanuel Macron, sa dette då han omtalte prosjektet:

– Dette er det kunstnarisk eventyr handlar om.

Det tok nesten 250 000 kvadratmeter materiale for å dekka bogen, og rundt 3 kilometer raudt tau for å knyta han fast. Nokre menneske har klaga over at så mykje stoff vart brukte på så kort tid, men kunstnarane har sagt at dei har brukt eit materiale som kan resirkulerast.

Christo i studioet sitt i 2019, der han visar fram ei teikning av korleis han ville at «L’Arc de Triomphe, Wrapped» skulle sjå ut. Foto: Wolfgang Volz
© 2019 Christo og Jeanne-Claude Foundation