Ein av tre kan slita med at andre lagar små gjentakande bevegelsar

Å sitja og sjå på nokon som konstant vippar på ein fot kan vera ganske irriterande. Visste du at det er mange som har det slik?

Sjå for deg at du sit i klasserommet: Ved sida av deg vippar ein medelev konstant med foten. På den andre sida av bordet sit ein annan medelev og vippar med ein blyant mellom fingrane. Er du ein av dei som lèt deg irritera av slike små, gjentakande bevegelsar?

Då er du absolutt ikkje åleine, ifølgje ny forsking.

Mellomtittel

Det er mange som får noia av dette. Tilstanden har eit namn og kallast misokinesi. No har forskarar for første gang gått i djupna på det heller ukjente fenomenet, skriv NRK.

– Resultata våre kan tyda på at dette skaper ei sosial utfordring for mange menneske, seier Sumeet Jaswal i ei pressemelding. Ho er doktorgradsstipendiat og ein del av prosjektet.

Nokre blir så påverka at det går ut over dei i sosiale samanhengar, forklarer forskinga.