300 barn utan foreldre er evakuerte frå Afghanistan

Sidan Taliban tok over makta i Afghanistan den 14. august, er det ifølgje Unicef rundt 300 barn utan foreldre som er blitt evakurerte frå landet.

200 av desse barna er kome til Qatar, der den humanitære organisasjonen Doha tek hand om dei, skriv NRK.

Ifølgje organisasjonen skal dei fleste av barna vera mellom åtte og 17 år gamle. Mange av dei er i sjokk eller har store traume grunna det dei har vore gjennom.

No prøver styresmaktene i Qatar å finna foreldra til barna. Det håpar dei å klara ved å finna fram til nære slektningar.