Barn som får mykje undervisning utanfor klassen, blir meir einsame

Ny forsking viser at mange barn som får spesialundervisning også får færre venner og blir mindre sosiale enn andre barn.

– Det er mindre sannsynleg at dei har nokon å vera saman med i friminutta, dei er sjeldnare heima hos andre, og dei er mindre aktive på sosiale medium, seier forskar ved NOVA, Jon Erik Finnvold, til NRK.

Han har laga ei undersøking der over 600 barn og unge med fysiske funksjonsnedsetjingar er med. Halvparten av dei får spesialundervisning. Nokon sit i rullestol. Nokon har ADHD. Nokon er blinde.

Mange har ikkje ein nær venn

Forskarane fann at barn som er meir utanfor klasserommet enn inne, lettare fell utanfor miljøet på skulen. Dei trivst ikkje så godt på skulen.

Nærare seks av ti barn som er i klasserommet heile tida, har minst éin nær ven. Det same gjeld færre enn to av ti som får undervisning åleine. Dei deltek òg sjeldnare på aktivitetar på fritida.

Det å dela elevane opp i grupper kan vera bra for elevar med spesielle behov. Dei kan då få undervisning som passar betre akkurat for dei. Men no viser altså denne undersøkinga at det får store konsekvensar for det sosiale livet deira. Særleg gjeld det dei som ofte får undervisning utanfor klasserommet.