Kvifor får me eigentleg hikke?

Veit du kvifor me får hikke, og kva som skjer i kroppen når det skjer?

Hikke skjer når mellomgolvet plutseleg trekkjer seg saman i krampeaktige rykningar, skriv Illustrert Vitenskap.

Mellomgolvet er musklar du har i øvre del av magen, under brystet. Mellomgolvet er forbunde med lungene og hjelper oss med å pusta.

Når mellomgolvet trekkjer seg saman, trekkjer det samtidig i lungene, som dermed kan fyllast av lufta me pustar inn. Omvendt så hjelper avslappinga av mellomgolvet oss med å pusta ut.

Normal pusting skjer altså ved at mellomgolvet vårt vekslar på å trekkja seg saman og å slappa av. Men nokon gonger – og legane veit enno ikkje heilt kvifor – trekkjer mellomgolvet seg plutseleg saman i eit krampeaktig rykk. Resultatet er eit hikk.

I dei fleste tilfella går hikken over av seg sjølv, men det finst mange døme på menneske som har hikka i årevis.

Mange kjerringråd

Legene har ingen gode forslag til korleis ein skal få hikken til å slutta. Derimot finst det massevis av meir eller mindre gode kjerringråd.

Dei vanlegaste av desse råda går ut på å halda pusten, å drikka eit glas vatn medan ein står på hovudet, eller å eta ei skei med sukker.

Kva som faktisk verkar, kan variera sterkt frå person til person.