Den britiske statsministen er bekymra for planeten vår

Statsministeren i Storbritannia, Boris Johnson, uttalte nyleg at klimatoppmøtet i Glasgow er eit viktig vendepunkt for menneska.

Han sa at ein må slutta å sjå på planeten som eit leiketøy som ikkje kan øydeleggast, og kalla toppmøtet som skal skje i november for den siste sjansen til menneska, skriv NTB.

– Me kan gjera denne vakre planeten praktisk talt ubueleg –ikkje berre for oss sjølv, men for mange artar. Derfor er toppmøtet COP26 i Glasgow eit vendepunkt for menneska, sa han til FN si hovedforsamling.

Klimatoppmøtet blir halde i Glasgow i november i år, og der skal verdensleiarane snakke om korleis dei kan hindre dei verste konsekvensane av klimakrisa.