Kvifor er det vanskeleg å skilja mellom venstre og høgre?

Me kan det i teorien, eller viss me tenkjer oss godt om. Men viss det går fort eller nokon spør om vegen, kan det gå i ball. Opp og ned, føre og bak er enkelt. Kvifor er det så mykje verre å skilja mellom høgre og venstre?

For nokon er det lettast å berre tippa. Andre bruker triks. Enten sjekkar dei raskt kva hand dei skriv med, eller kva arm dei har klokka på.

Kvifor er det å skilja mellom venstre og høgre så vanskeleg for nokon? 

– Opp og ned er enkelt fordi me alltid er i ei stilling der hovudet vårt er opp og beina er ned, forklarer Helene Hjelmervik, som er forskar i psykologi ved Høgskolen i Kristiania til forsking.no.

Sånn er det ikkje med høgre og venstre.

Vanskelegare med høgre og venstre

– Verda me ser til høgre og venstre forandrar seg sidan me flyttar på oss, seier ho.

Personen føre oss kan først stå til venstre, men viss me flyttar oss berre eitt steg til sida, står han til høgre. Ein annan grunn er ifølgje Hjelmervik at me er like på høgre og venstre side.

– Ein av dei første som forska på høgre-venstre forvirring, sa at «berre ein asymmetrisk organisme vil klara å skilja høgre frå venstre», fortel Hjelmervik til forskning.no.

Derfor lagar me oss strategiar for å hugsa kva som er høgre og venstre – me skapar ein asymmetri i det symmetriske for å gjera det lettare for oss sjølv. Symmetri er noko som er likt, medan asymmetri er noko som er ulikt.

Kvinner og jenter slit oftare enn menn og gutar

Tidlegare forsking har vist at kvinner er dårlegare på skilja mellom høgre og venstre. Fleire har forsøkt å finna ut av kvifor.

– Me trur at kvinner har meir symmetriske hjernar, noko som vil seia at kvinner bruker begge hjernehalvdelar når dei løyser oppgåver, samanlikna med menn, fortel Hjelmervik.