Verdas høgaste folkeslag krympar

Nederlendarane er kjent for å vera det høgaste folkeslaget på planeten, men no har noko skjedd. Dei som vart fødde i 2001 er betydeleg kortare enn dei som vart fødde i 1980.

Foto: Berke Halman / Unsplash

Det viser ein ny studie som er utført av landets offisielle statistikkontor. Studien var basert på at totalt 719.000 nederlendarar mellom 19 og 60 år målte høgda si sjølv, skriv BBC.

19 år gamle nederlandske menn er no gjennomsnittleg 182,9 cm høge, medan kvinnene i  gjennomsnitt er 169,3 cm høge. Det som er interessant, er at menn fødde i 2001 i gjennomsnitt er ein centimeter kortare enn dei som var fødde ein generasjon tidlegare. Kvinnene er 1,4 cm kortare.

«I løpet av det førre århundret, vart me høgare og høgare, men sidan 1980 har veksten stoppa», står det i studien.

Innvandring og kosthald

Faktorar som innvandring og kosthald blir antatte å vera moglege årsaker til endringane i høgda på folket. Studien viste likevel at veksten også har avtatt blant nederlendarar der  foreldre og besteforeldre begge vart fødde i Nederland.

Trass i nedgangen i høgda, held innbyggjarane i Nederland framleis på rekorden for å vera det høgaste folkeslaget i verda.

Landa med dei høgaste innbyggjarane i verda (ifølgje World Population Review):

  1. Nederland
  2. Montenegro
  3. Danmark
  4. Noreg
  5. Serbia

Landa med dei lågaste innbyggjarane i verda (ifølgje World Population Review):

  1. Indonesia
  2. Bolivia
  3. Filippinane
  4. Vietnam
  5. Kambodsja