Visste du at denne blekkspruten kan skifta farge på berre 400 millisekund?

Sepiablekkspruten er ein meister i å kamuflera seg – det er kanskje ikkje så rart at den blir kalla «havets kameleon».

Sepiablekkspruten
  • Ein av dei mest kjende blekkfiskeartane
  • Lever i Middelhavet og i Atlanterhavet frå Afrika til Europa
  • Sepiablekksprut blir opp mot 45 centimeter lang
  • Blir ofte kalla «havets kameleon», fordi den kan skjula seg på botnen
LES FAKTALUKK FAKTA

Grunnen til at sepiablekkspruten kan skifta farge på 400 millisekund, er at huda er dekka med spesialiserte pigmentceller som blir kalla for kromatoforar.

Desse er kopla direkte til det sentrale nervesystemet til blekkspruten, skriv Illustrert Vitenskap.

Kromatoforane er laga av elastiske sekkar som er fylt med fargestoff og som er omringa av nerve- og muskelceller.

Tilpassar seg omgivnadane sine

Når musklane til blekkspruten trekkjer seg saman, endrar derfor kromatoforane og fargesekkane farge. Fargen den endrar til, kan både vera lysare og mørkare. Grunnen til det, er at blekkspruten kan etterlikna fargane på omgivnadane den er i.

Viss den er redd for å bli eten, kan den for eksempel endre farge slik at den går i eitt med havbotnen. Er ikkje det rart?

Dei kan til og med hypnotisera byttet sitt. Sjå meir her: