Har skrive dyster bok om klimaendringane: – Eg håpar lesarane blir inspirerte til å kjempa for jorda

Sanne Mathiassen hadde lenge gått og tenkt på at me menneska er på veg til å søkkja oss sjølv. Då ho på eit tidspunkt vart redd for at jorda kom til å kollapsa under oss, kom ho på at ho ville skriva «Øya synker sakte».

Menneska søkkjer oss sjølv: «Øya synker sakte» handlar om å leva på ei øy som søkkjer, medan kjærleiken veks. Boka er anbefalt for 12–16-åringar. Foto: Vigmostad & Bjørke

– Sjølv om me les overskrifter om at øyer forsvinn under vatn, at skogar brenn og at det blir meir ekstremvêr på jorda, så sluttar me ikkje å kjøpa oss hytter, bilar og t-skjorter til 30 kroner. Eg trur me treng at regjeringa kjem inn og regulerer oss, slik at alle kan starta å tenkja annleis. For no er det fritt vilt.

Det seier forfattar Sanne Mathiassen, som er aktuell med ungdomsboka «Øya synker sakte».

Dyster framtid

– Eg har alltid interessert meg for klima og ekstremvêr, så det vart naturleg at det vart ein del av handlinga, seier ho.

«Øya synker sakte» går føre seg i ei mørk framtida, der alle innbyggjarane blir strengt kontrollerte for å unngå at øya dei bur på blir tekne av naturkreftene. For å hindra at øya søkkjer, må alle innbyggjarane vegast kvar månad.

– Det er så koko at det blir moro. Handlinga i boka er satt til ei tid der klimaendringane har tatt såpass over, at folk har gitt litt opp, seier Mathiassen.

Treng ein peikepinn: Sanne Mathiassen si bok «Øya synker sakte» er basert på at me menneske kjøper og kjøper, og bygger og bygger. Ho trur at me treng ein peikepinn på korleis me skal retta oss, for å gjera det som er best for jorda. Foto: Ingvild Jørve

– Ekkelt å tenkja på

Sjølv om boka ikkje er basert på fakta, fann forfattaren ut at ho likevel ikkje var så langt vekke frå røynda. Ho fortel at ho absolutt har kjent på kjensla av redsel for kva som kjem til å skje med jorda i tida som kjem.

– Eg synest det er ekkelt å tenkja på. I byrjinga var eg veldig redd og greidde ikkje å takla det særleg godt. Men så fann eg ut at eg måtte læra meg å stola på at regjeringa kan vera med på å gjera ei endring.

Ho har også starta å følgja miljøbevisste folk i sosiale medium, og prøver å gjera noko sjølv.

– Og så er det viktig å stola på at dei vaksne jobbar for endring. Eg håpar denne boka kan gi lesarane inspirasjon til å kjempa for jorda.