Dette er den raskaste muskelen i kroppen din

Har du nokon gong lurt på kva som er den raskaste muskelen i kroppen din? Her får du fasiten.

Mennesket sin raskaste muskel er orbicularis oculi – ein sirkelforma muskel som sit rundt kvar av augeopningane dine. Den kan trekkja seg saman på berre 1/10 av eit sekund, skriv Illustrert Vitenskap.

Muskelen kan løysast ut bevisst eller grunna blunkerefleksen. Blunkerefleksen blir for eksempel aktivert viss det kjem ein finger i rask fart rett mot auga ditt, men den kan også utløysast av sterkt lys eller høge lydar.

Du har sikkert opplevd at du må blinka om du kjem ut i sola frå eit mørkt rom? Då er det blunkerefleksen din som har vakna til liv.

Foto: Wikimedia Commons / CFCF, CC BY 4.0-lisens

Stor skilnad på kor mykje me blunkar

Hovudformålet med muskelen, er å verna auga mot å bli skadd. Det er truleg derfor det er mogleg at muskelen reagerer så fort. Muskelen er også involvert i den regelmessige blunkinga me gjer, som mellom anna er med på å reinsa augeeplet og smørja tåresekret ut over hornhinna vår, slik at me ikkje blir tørr i augo.

Visste du forresten at det er stor skilnad på kor mykje me blunkar? Det er det nemleg – for det viser seg at yngre kvinner blunkar i gjennomsnittet 19 gonger i minuttet, medan yngre menn blunkar 11 ganger i minuttet. Så skal det seiast at kvinnene ikkje alltid lukkar auga heilt når dei blunkar.

Hjå dei eldre menneska, går ikkje blunkinga like raskt hjå dei yngre.