Kina forbyr skriftlege eksamenar for 6-åringar

Det gjer dei for å prøva å avlasta presset på både foreldre og elevar.

I Kina har det vore eit påbod som seier at alle elevane måtte ta eksamen frå det første året på barneskulen, og heilt fram til dei startar på høgare utdanning som 18-åringar.

No har utdanningsdepartementet funne ut at dette ikkje er bra for elevane. Det påverkar både den fysiske og den mentale helsa deira, skriv BBC.

I ein utsegn sa departementet: “Eksamen er ein naudsam del av utdanninga. På nokre skular er det likevel overdriven bruk av eksamenar. Det fører til ei byrde for elevane. Dette må endrast.”

Eit skritt i rett retning

Dei nye reglane seier mellom anna at barna som går i første og andre klasse på barneskulen, ikkje treng ikkje å ta papirbaserte eksamenar. Midtårseksamen er tillate for ungdomsskulen.

Reaksjonen på dei nye reglane, har vore blanda.

Nokre seier at det er eit skritt i rett retning, ved å avlasta presset på barna. Andre stilte spørsmål ved korleis skular har moglegheit til å testa og måla evnene til elevane utan eksamen.