Kvifor er nokon redde for edderkoppar?

Om du ser ein edderkopp, skvett du og skrik? Eller bryr du deg ikkje?

Her i Noreg har me ingen giftige edderkoppar. Likevel er mange redd for dei små dyra. Er du veldig redd, kan det vera at du har ein fobi.

– Ofte er det slik at ein er redd for både edderkoppar og for panikken som kjem i situasjonen. Det er fordi angst ofte gjer at ein mistar kontrollen. Det kan vera ekstremt ubehageleg, seier Torkil Berge til Ung.Forskning.no. Torkil er psykolog på Diakonhjemmet sjukehus i Oslo.

Me må gå langt tilbake i tid for å finna forklaringa på kvifor me får fobiar, meiner forskararne. Dei tidlegaste menneska overlevde fordi dei var redde for giftige slangar og insekt. Denne angsten har vorte med menneska gjennom tidene, sjølv om det ikkje lenger er nokon god grunn for han.

Angst er vanleg

Å få angst for noko er vanleg. Både barn og vaksne kan reagera med angst på mange ulike ting. Men så opplever me at høgder eller insekt likevel ikkje er farlege, og dermed utviklar ikkje angsten seg til ein fobi, ifølgje Berge.

Men nokon får skremmande erfaringar som kan forsterka frykta. Og om du byrjar å unngå  det du er redd for, kan det forverra angsten.

Angst kan trenast vekk

– Me veit mykje om angst og korleis me kan behandla han. Hjerneforsking har bidratt med ny kunnskap. Det har òg forsøk med dyr. Dyr reagerer med angst slik me gjer.

Det viktigaste er å trena seg på å møta det ein fryktar.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at du skal trena på å ikkje ha angst, men heller trena på å meistra angsten, seier Berge.

Forskarane meiner at den mest effektive måten å trena bort angsten, er å laga nye erfaringar med det du fryktar. Om du møter det du er redd for og har kontroll, får du nye erfaringar. Du lærer deg at du kan takla både situasjonen og angsten.