Kvalrossen som ikkje vil heim att

Har du høyrt om kvalrossen Wally? Sidan han vart oppdaga i Irland i mars i år, har han rokke å gjera mykje fanteri. Det verkar ikkje som han har lyst å reisa heim att.

Foto: Facebook @Seal Rescue Ireland

Wally har vore svært opptatt med å oppdaga nye destinasjonar etter at han først vart sett i Irland i mars. No har han lagt bak seg om lag 4000 kilometer til havs langs kysten av det vestlege Europa, som inkluderer Storbritannia, Irland, Wales, Spania og Frankrike, skriv BBC.

For det meste, har kvalrossen vore oppteken av å driva med fanteri. Då han var på besøk på Scillyøyane utanfor Storbritannia, øydela han fleire båtar då han tok seg opp i dei.

For å få bukt med problemet og forsøka å få Wally til å reisa vidare, brukte British Marine Life Rescue litt uvanlege metodar. Dei spelte nemleg av isbjørn-lydar og spreidde isbjørn-lukt for å få kvalrossen til å reisa vidare.

Håpar han reiser heim

Wally har vore veldig populær på dei forskjellige plassane han har besøkt, men no håpar ekspertar at han snart er klar for å avbryta den lange sommarferien sin og trekkja mot kaldare vatn.

Ekspertane er ikkje heilt sikker på kvar Wally eigentleg kjem frå, men kvalrossen er eit arktisk dyr. Mest truleg kjem han derfor frå Svalbard eller Grønland.

– Wally er litt uføreseieleg, men me håpar at kan kjem til å reisa nordover til vinteren, seier Melanie Croce, som jobbar i Seal Rescue Ireland. Ho og kollegaane overvaker kvalrossen nærme.

– Kvalrossar er sosiale dyr – det er Wally også. Me håpar at han snart bestemmer seg for at det er på tide å reisa heim, seier ho.

Her kan du sjå Wally på tokt om bord i ein båt: