– Å vinna «Barnas Valg» og skulevalet er kanskje den største tillitserklæring av dei alle. Det er barn og unge som skal leva lengst med den politikken me vel no. Det er for dei me skal byggja felleskap, få ned skilnader og forma ein klimapolitikk som kuttar utslepp og gjer at det finst trygge jobbar i framtida, seier Jonas Gahr Støre i ei pressemelding.
Arbeidarpartiet enda med 25 prosent av nærare 70.000 stemmer i Barnas Valg. Erna Solberg måtte sjå seg slått av Jonas Gahr Støre, då og Høgre enda på ein andreplass med 13,5 prosent av stemmene. Raudt fekk 10,6 prosent av stemmene og hamna på ein tredjeplass.
– Om Arbeidarpartiet også får dei vaksne sin tillit i valet, lovar eg å gjera mitt, leggjer Støre til.
Les også: Stian vil gjera politikk gøy for barn
Stort engasjement i heile landet
Det er Redd barna og Nordic Screens som står bak Barnas Valg, som i år vart gjennomført for tredje gang. 1843 skular har vore med på prosjektet.
– Demokratiet vår trenger at dei som bur i Noreg, uansett alder, har kunnskap om politikk og korleis dei kan påverka samfunnet dei lever i. Me trur at Barnas Valg på sikt vil bidra til at fleire unge stemmer ved val i Noreg, seier Birgitte Lange, som er generalsekretær i Redd barna.
Lurer du på kva parti du er mest enig med? Prøv Barnas Valgomat her.