Transpersonar strevar ofte psykisk

Unge som føler at dei har eit anna kjønn enn dei vart fødde med, slit ofte psykisk, viser ny forskning.

Rundt sju prosent av dei vaksne i Noreg reknar seg sjølv som LHBT-personar. Forkortinga LHBT står for lesbiske, homofile, bifile og tranpersonar, skriv Ung.Forskning.no.

Det finst mange slags forelskingar. Nokre jenter forelskar seg i jenter, medan nokre gutar forelskar seg i gutar. Andre kan like godt ha kjærastar av begge kjønn. Ein person som vart fødd som jente, kan føla seg som ein gut. Og ein gut kan føla seg som ei jente. Andre føler seg verken som jente eller gut.

Transpersoner har det ofte vanskeleg

Forskarar har sett på nesten 40 forskingsstudiar som er gjort i dei nordiske landa i åra frå 2015 til 2020. Dei ville finna ut korleis unge LHBT-personar i aldersgruppa 13 til 30 år har det – og korleis helsa deira er.

Forskninga viser at dei som er trans oftast har det vanskeleg. Det er dei som ikkje føler at dei er heima i den kroppen dei er fødde i.

Viktig å møta andre

FRI er ein organisasjon som jobbar for at LHBT-personar skal kunna leva meir ope utan å vera redde for å bli mobba og utstøytt.

– Me veit at det er viktig å kunna vera omgitt av nokon som er lik deg sjølv og som aksepterer deg, og som du kan vera deg sjølv rundt, seier Inge Alexander Gjestvang til Forskning.no. Han er leiaren av FRI.