Samlar inn stein frå ein annan planet

NASA bekreftar at Perseverance-roveren har samla inn den første steinprøven frå Mars.

Steinprøven som Mars-roveren Perseverance har samla inn, er av det historiske slaget. Den er faktisk den aller første steinprøven som er henta frå ein annan planet enn jorda!

På det andre forsøket skulle det visa seg å gå som forskarane ønskte: Eit kamera som er festa på Perseverance, har bekrefta at steinprøven er trygt lagra inne eit røyr av titan.

Roveren brukte eit boresystem for å henta inn prøven, som er om lag like stor som ein finger, skriv NASA.

Her kan ein tydeleg sjå at prøvar frå steinen er trygt lagra inne i røyret som skal returnerast til jorda. Foto: NASA/JPL-Caltech/ASU/MSSS

Lærer om livet på Mars

Perseverance-roveren landa i Jezaro-krateret på Mars i februar i år. Målet med å senda ein robot til ein annan planet, er at den skal hjelpa forskarane på jorda med å læra meir om livet på Mars.

Eit sentralt mål for roboten Perseverance sitt oppdrag, er å læra og leita etter teikn på om det nokon gong har vore liv på Mars. Forskarar som jobbar med prosjektet, trur nemleg at Jezaro-krateret var fylt med vatn for milliarar av år sidan. Det betyr at steinane der framleis kan ha spor etter liv.

Rover-roboten skal halda fram med reisa si på den raude planeten, og samla inn fleire prøvar som skal returnerast til Jorda.