Joikakaker endrar namn etter kritikk

VILTi er det nye namnet og emballasjen får eit nytt design, som er inspirert av samisk kultur og kulturelement.

Foto: Nortura

I fjor fekk Nortura kraftig kritikk for den raude boksen med kjøttkaker, som har stått i butikkhyllene sidan 1960.

Både Sametinget, Samerådet og artisten Ella Marie Hætta Isaksen gjekk hardt ut mot logoen på Joikakakene, som var av ein samisk gut. Den var både utdatert og diskriminerande, og dei meinte at den måtte fjernast.

Dette fekk produsent Nortura til å gå i tenkeboksen – no endrar dei både namnet og emballasjen.

Samarbeidd med Sametinget og Samerådet

– Joikakaker har vore eit kjært produkt for mange. Når me no lanserer det nye namnet og det nye designet, ligg det ein lang prosess bak. Me takkar Sametinget og Samerådet, som har gitt viktige innspel i prosessen, seier marknadssjef i Nortura, Henriette Bergli Eriksen i ei pressemelding.

Ho fortel vidare at det har vore viktig for dei å ha ein tett dialog med dei undervegs i prosessen, for å vera sikker på at dei handsama den samiske kulturen på ein god måte.

– Me er stolte av å kunna presentera namnet VILTi og eit nytt og meir modernisert design på emballasjen, seier ho.