Fleirtal meiner politikarane må gjera meir for klimaet

6 av 10 av de spurte i ei ny undersøking, seier at dei er svært eller ganske enig i at det hastar å gjera samfunnet i Noreg meir miljøvenleg.

63 prosent meiner politikarane må gjera meir for å stogga klimaendringane, skriv Verdsnaturfondet WWF i ei pressemelding.

Undersøkinga viste også at 69 prosent av dei som vart spurt er ganske eller svært bekymra for klimaendringane.

– Folk flest er bekymra og krev klimahandling frå politikarane og næringslivet, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF og held fram: 

– For å få til ei grøn omstilling treng Noreg politikarar som tek ansvar for å skape nye grøne næringar.

Generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdens naturfond Foto: HAAKON NORDVIK