Norsk ungdom har takla pandemien bra

Trass i at pandemien har vore krevjande, har det store fleirtalet av norske tenåringar handtert pandemien bra.

Det viser resultata av rapporten Ungdata 2021.

– Det er lite som tyder på at me vil sjå ein ungdomsgenerasjon med store psykiske utfordringar som følgje av pandemien, seier leiar av Ungdatasenteret ved NOVA, Oslomet, Anders Bakken.

Undersøkingane vart gjennomførte omtrent eitt år etter at pandemien kom til Noreg. Heile 89 prosent seier seg samd i utsegna «livet mitt er bra», og 77 prosent meiner dei har alt dei ønsker seg i livet.

Negativt for fritidsaktiviteter og sosiale møte

Likevel har dei unge absolutt merka at det har vore pandemi-tid.

På direkte spørsmål om i kva grad pandemien påverka livet deira i negativ retning, svarte 27 prosent «mykje» eller «veldig mykje». Ytterlegare 23 prosent svarte at pandemien påverka dei «ein del». Det er fritidsaktivitetane og dei sosiale møta pandemien har gått mest ut over.

Generelt er det fleire jenter enn gutar som opplevde tida med pandemi som negativt. Den har også vore tyngre for dei eldste enn dei yngre tenåringane.