Blekksprutar hugsar kva dei åt sist

Sepiablekksprutar er veldig smarte dyr. Dei kan hugsa detaljar om kva, kor og når dei sist åt, sjølv når dei blir gamle.

Blekksprutar har ein av dei største hjernane blant virvellause dyr. No viser ny forskning at dei kan hugsa kva, kvar og når spesifikke ting skjedde. Det skriv avisa The Guardian. 

– Det som er overraskande, er at dei ikkje mistar denne evna når dei blir eldre, sjølv om dei viser andre teikn til aldring, seier Alexandra Schnell, som er forskar ved University of Cambridge, og ein av forskarane bak den nye studien.

Måtte hugsa kvar og når

Schnell og kollegaene gjorde eit forsøk med 24 blekksprutar. Halvparten var mellom ti til tolv månadar gamle, medan resten var rundt to år gamle. Blekksprutane vart serverte to typar mat. Ein type dei ikkje var så veldig glad i, og ein dei likte godt. Maten vart servert på faste plassar.

Maten dei likte minst vart servert kvar time og staden der maten vart servert, vart markert med eit flagg. Kvar tredje time vart maten dei likte best servert ein annan stad i tanken, markert med eit anna flagg.

Dette gjorde forskarane i omtrent fire veker, slik at blekksprutane skjønte at dei måtte hugsa kva som vart servert kvar og når. Så vart spørsmålet – greidde blekksprutane å kjenna att mønsteret? 

Eldre blekksprutar hugsar betre enn eldre menneske

Så starta forskarane med å endra på plassane der flagga vart plassert. Blekksprutane måtte altså hugsa kva dei hadde ete tidlegare, der dei hadde ete det og kor lenge det var sidan dei åt sist. Både dei yngre og dei eldre blekksprutane greidde dette. Men faktisk gjorde dei eldre blekksprutane det best.

Å hugsa hendingar, som til dømes kva du åt til middag forrige fredag, blir kalla episodisk minne. Menneske sitt episodiske minne blir dårlegare til eldre me blir, men dette ser ikkje ut å vera likt for sepiablekksprutane.

Blekksprutar brukar ein anna del av hjernen enn oss menneske til minner og læring. Den blir ikkje svekt i takt med høgare alder, noko som kan forklara kvifor dei gamle blekksprutane hadde like god episodisk minne som dei unge.