Hundar høyrer ikkje på deg viss dei veit at du bløffar

No trur forskarar at hundar kan avsløra når vi lyg til dei.

Forskarane gjorde ei rekkje forsøk med 260 hundar. Dei gøymde godbitar under ei av to bøtter og lærte hundane opp til å lytta til ein framand person som peika på bøtta med godis og kikka på hunden og sa «Sjå! Dette er kjempegodt!»

Hundane lærte å lytta til råda frå den framande og fekk godbit i belønning, skriv den engelske nettstaden Newscientist.com.

Prøvde å lura hundane

Men så gjorde forskarane ein ny vri. Ein annan person kom inn i rommet og flytta godbiten frå den eine til den andre bøtta medan hunden såg på. Hos ein del av hundane var den framande hjelparen til stades medan dette skjedde, medan hos resten var den framande hjelparen utanføre rommet då godbiten blei flytta.

I begge tilfella peika den framande på den tomme bøtta. Det betyr at den framande som såg at godbiten vart flytta, no laug til hundane om kvar maten låg.

To tredelar av hundane brydde seg ikkje noko om rådet til den framande og valde heller bøtta dei visste godbiten låg i. Medan halvparten av hundane høyrde på den framande som ikkje hadde vore i rommet då godbiten vart flytta.

– Dette viser at hundar følgjer nøye med på oss, dei plukkar opp signala våre, og dei lærer av oss, seier Monique Udell til den engelske nettavisa.