Biden meiner det var rett at dei amerikanske soldatane reiste frå Afghanistan

Den amerikanske presidenten meiner det var ei rett avgjerd å be dei amerikanske soldatane om å reise heim. Trass i at det har blitt ein svært uroleg situasjon i Afghanistan i samband med at Taliban tok over makta.

– Vårt oppdrag i Afghanistan var aldri å byggja ein nasjon eller eit demokrati. Vårt einaste mål i Afghanistan var å hindra eit terroristangrep mot USA.

Det sa USAs president Joe Biden under ei orientering om den urolege situasjonen i landet. Han meiner det var rett avgjerd å be dei amerikanske soldatane om å reisa heim, trass i at det har blitt ein svært uroleg situasjon i Afghanistan i samband med at Taliban tok over makta.

Taliban har ei historie som svært undertrykkjande mot kvinner. Det har vore ulovleg for jenter og kvinner å gå utandørs utan følgje av ein mannleg slektning, og det har vore forbode for jenter å ta utdanning.