Svensk fjell har krympa to meter siste året – klimaendringane får skulda

Issmelting gjer at fjellet Kebnekaise i Sverige har krympa over 20 meter sidan 1990. Forskarane skuldar på klimaendringane.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at Nordmenn er blant verdas mest klimaskeptiske folk. 

No måler den isdekte Sørtoppen på fjellet Kebnekaise 2 094,6 meter over havet, ifølgje ei pressemelding frå Stockholms universitet. Det er den lågaste høgda som er registrert sidan målingane av det svenske fjellet starta på 1940-talet.

Kebnekaise er det høgaste fjellet i Sverige, og er eit fjellmassiv som ligg i Kirunaområdet i Lappland. Fjellet har to toppar, Nord- og Sørtoppen, der Sørtoppen er dekt av ein isbre. Det er den einaste fjelltoppbreen som er att i Sverige.

Den ferske målinga av Sørtoppen blei gjort av forskarar ved Tarfala forskingsstasjon 14. august. Dei opplyser at høgda varierer to-tre meter mellom sommar og vinter, og at toppen normalt er høgst i mai og lågast i september.

Dei regelmessige målingane viser at Kebnekaise har krympa over 20 meter sidan 1990, skriv The Guardian.

Ikkje lenger Sveriges høgste punkt

Fram til 2019 var Sørtoppen det høgste punktet i Sverige.

Nordtoppen av Kebnekaise er ikkje dekt av is, og høgda minkar difor ikkje her. Denne toppen er 2096,8 meter over havet, og er med det det høgste punktet i Sverige no.

Berre det siste året har Sørtoppen mista to meter samanlikna med målinga på same tid i fjor. Målinga 7. august 2020 viste at Sørtoppen si høgd då var 2.096,5 meter over havet.

– Når turgåarar i dag når toppen, passerer dei ein flat del – ein «fronttopp», som ikkje fanst på byrjinga av 2000-talet, seier professor i glasiologi Per Hollund i pressemeldinga.

Endring i tjukkleiken på toppen frå 6. august 2020 til 14. august 2021 (raudt indikerer minsking, blått indikerer akkumulasjon, eller tilvekst). Histogrammet til høgre for fargeskalaen viser fordelinga av endringa over toppen.
Figur og data: Erik Schytt Mannerfelt.

Syner klimaendringane

Sidan 2000 har toppen si høgd minka drastisk samstundes som han også har auka i tjukkleik visse stader.

– Variasjonen i høgda er difor eit godt symbol på korleis isbrear responderer på eit varmare klima i Sverige, seier Hollund ved Tarfala forskingsstasjon.

Forkarane forklarar høgdeforskjellen med auka lufttemperaturar, men òg med endra vindforhold, som påverkar kvar snøen legg seg om vinteren.

– Det viser at effekten av klimaendringar verkeleg er her, seier forskar Gunhild «Ninis» Rosqvist til Expressen.

I pressemeldinga frå Stockholms universitet viser forskarane til den nye rapporten frå FN sitt klimapanel, som peiker på at smelting av isbrear rundt om i verda er «utan sidestykke» dei siste 2000 åra, og spår at isbrane vil halde fram med å minke i fleire hundreår framover.