Søker etter folk som vil bu på «Mars»

For å førebu seg på å senda astronautar til Mars, søker no NASA etter personar som vil late som dei bur på Mars.

– Me vil laga Mars-realistiske situasjonar der me vil forstå korleis menneske fungerer i dei, seier hovudforskar i NASA, Grace Douglas.

NASA søker etter personar som skal lata som dei bur på Mars. Planen er at det første av totalt tre slike forsøk skal gjennomførast hausten 2022, skriv TV 2.

Dei frivillige deltakarane skal arbeida med eit simulert oppdagingssoppdrag inne i eit habitat som har fått namnet Mars Dune Alpha. Det er eit 1700 kvadratmeter stort Mars-habitat, som er laga av ein 3D-printar.

I tillegg skal deltakarane gjennomføra romvandringer, ha avgrensa kommunikasjon med den verkeleg verda, og berre bruka utstyr som ein ville brukt på Mars. Dei får også berre eta rommat.

Strenge krav til kven som kan søka

Sjølv om søknadsportalen opnar på fredag, er det ikkje kven som helst som kan søka på den uvanlege utlysinga.

Dei som søker må vera amerikanske statsborgarar som er i fysisk god form i alderen mellom 30 og 55 år. Dei må også ha ein mastergrad innan vitskap, ingeniørfag eller matematikk, eller ha piloterfaring.