Elevane vart dårlegare til å skriva på heimeskule

Forskarar har sett på korleis heimeskulen gjekk ut over skriveevnene til elevane i Noreg.

Våren 2019 samla NTNU-forskarar inn skriveprøver frå 6000 norske første- og andreklassingar. Dette var den første innsamling i eit stort forskningsprosjekt som skal sjå på skriveopplæringen til dei yngste elevane og korleis dei utviklar skriveferdighetene sine dei første skuleåra.

Våren 2020 vart den andre runden med innsamling gjennomført. Det var berre tilfeldig at den skjedde rett etter at skulane opna etter korona-nedstengningen.

Forskarane sat derfor att med uventa informasjon om korleis heimeskulen hadde påverka skriveferdighetene til elevane som deltok i prosjektet, skriv gemini.no.

– Store negative føljer for elevane

Og funna var av den negative sorten – heimeskulen gjekk hardt ut over skriveevnene til elevane. Forskarane har funne ut at elevane låg halvanna semester etter forventa utvikling etter nedstenginga.

– Me hadde ein kort nedstengning som fekk store negative følgjer for elevane sine skriveevner, fortel professor Gustaf Skar ved Skrivesenteret på NTNU til gemini.no.

Universitetslektor Anne Holten Kvistad meiner forskinga viser at heimeskule ikkje kan erstatta det som skjer i klasserommet.

– Elevane treng oppfølging over tid, men også der og då. Dette klarer ikkje læraren å gi gjennom ein skjerm, seier ho til gemini.no.

Korleis gjekk heimeskulen ut over læringa di?

Korleis gjekk heimeskulen ut over læringa di?

Eg lærte like mykje som i klasserommet12
Eg lærte ikkje like mykje som i klasserommet 5
Eg veit ikkje6
Svar totalt: 23