Enorme mengder is smeltar på Grønland

Rekordhøge temperaturar fører til at enorme mengder is smeltar på Grønland kvar einaste dag.

Den 27. juli smelta det så mykje is på Grønland at Noreg kunne blitt dekt med 2 centimeter vatn. Berre den dagen mista Grønland meir enn 8,5 milliardar tonn overflatemasse. Det skriv NRK.

Årsaka til den massive issmeltinga er det uvanleg varme vêret på øya den siste tida. Ei hetebølgje har nemleg ført til dobbelt så høge temperaturar enn normalt. I det nordaustlege Grønland vart det den 29. juli målt 23,4 grader, som er den høgaste temperaturen nokon gong.

– Meningsfulle klimamål og handlingar kan framleis gjera noko

Med mindre utsleppa blir dempa, vil slike ekstreme hendingar bli vanlegare og vanlegare, har forskarar uttalt. Thomas Slater, som er forskar ved Universitetet i Leeds, seier til CNN at overflatesmelting på Grønland er blitt meir alvorleg det siste tiåret.

– Hendingar som gårsdagens ekstreme smelting på Grønland vil skje oftare, seier Slater og held fram:

– Sjølv om dette bekymrar oss, er vitskapen klar. Meningsfulle klimamål og handlingar kan framleis gjera noko med kor mykje det globale havnivået vil stiga i dette århundret, og redusera skadane som følgje av alvorlege flaum rundt om i verda.