Noreg best i Norden på medaljeoversikten frå OL i Tokyo

Med fire gull, vart Noreg ranka som den beste nordiske nasjonen under årets sommar-OL.

Me må tilbake til OL i Beijing i 2008 sist gong det skjedde, skriv Dagsavisen. I tillegg til dei fire gull-medaljane, fekk Noreg også to sølv og to bronse.

Dermed greidde den norske OL-troppen målet sitt om å ta åtte medaljar – dobbelt så mange som i forrige OL i Rio de Janeiro.

Dei norske medaljane

Kristian Blummenfelt: Gull, Triatlon

Blummenfelt innfridde forventningane i triatlon då han rykte frå konkurrentane og sikra gullet på slutten av løpsdelen. Dette var den første medaljen til Noreg under leikane i Tokyo.

Karsten Warholm: Gull, 400 meter hekk

Karsten Warholms finaleløp i 400 meter hekk enda med OL-gull og ny verdsrekord på 45,94 sekund. I etterkant av løpet sa han at han hadde tvilt på at det perfekte løpet var mogleg å gjennomføra, men at dette løpet faktisk var det.

Anders Mol og Christian Sørum: Gull, sandvolleyball

Anders Mol og Christian Sørum tok Noregs første OL-gull i sandvolleyball etter ein overbevisande triumf mot russarane i finalen.

Jacob Ingebrigtsen: Gull, 1500 meter

Jakob Ingebrigtsen gjorde eit perfekt løp, då han vann 1500-meteren til herrane på tida 3.28,32. For første gang på elleve forsøk slo han rivalen Timothy Cheruiyot, som tok 2. plassen.

Kjetil Borch: Sølv, Roing Singelsculler

Kjetil Borch kunne jubla for sølv i roing, med tida 6:41.66. Sølvmedaljen var Borch sin andre OL-medalje etter bronsen saman med Olaf Tufte i Rio-OL i 2016.

Eivind Henriksen: Sølv, Slegge

Sleggekastaren Henriksen kasta til tre norske rekordar i finalen. Det gav han sølvet med det lengste kastet som målte til 81,58 meter.

Hermann Tomasgaard: Bronse, Segling Laser

Hermann Tomasgaard segla inn til Noregs første OL-medalje i segling sidan Siren Sundby vann gull i Europajolle i 2004.

Handballjentene: Bronse, handball kvinner

Etter eit skuffande tap mot russarane i semifinalen, venta Sverige som motstandar for Noreg i bronsefinalen. Kampen enda 36–19 til Noreg, og handballjentene kunne jubla for Noreg sin 8. medalje i OL.