Vil auke straffa for kjæledyrtjuvar

Tjuvar som stel hundar og andre kjædedyr i Storbritannia kan risikera strengare straffer i tida som kjem.

I juni vart det ein stor debatt i Storbritannia om tjuveri av kjæledyr. Meir enn ein halv million personar signerte ei underskriftskampanje. 

Underskriftskampanjen handla om at folk vil ha ei lovendring som gjer at tjuvar som stel kjæledyr får strengare straff enn dei gjer i dag, skriv Sky News.

Kampanjen blei starta etter ein auke i tjuveri av dyr det siste året.

Ei regjeringsoppnemnd gruppe greier ut forslaget, og held ifølgje Sky News på med å legga siste hand på verket. Ifølgje nyheitsbyrået PA kan kjæledyrtjuvar risikera opptil fem års fengsel dersom det blir ei ny lov.