SKRIVEKONKURRANSE: Åtte tips for å hjelpa havet

Henriette Nysæter Silden (12) fekk 2. plass i skrivekonkurransen til Framtida Junior og Bladet Sunnhordland. Her kan du lesa innlegget hennar om korleis me kan hjelpa havet.

Fekk 2. plass: Henriette Nysæter Silden (12), Langeland skule.

Me treng liv i havet for å overleva, me treng reint vatn, og viss me ikkje stoppar kan det bli fare for framtida. Dette er ei sak folk bryr seg om og tenker er viktig. Men mange folk kastar plast i havet framleis. Derfor ville er skriva dette brevet for å hindra folk å kasta plast i havet.

Plast i havet er eit stort problem i Norge og i veldig mange land, kvart år hamnar det 8 millionar tonn søppel i verdas hav. Mellom 70 og 80 prosent av dette er plast. Mesteparten av plasten i havet søkk ned til botn, og då kan sjødyr tru at det er mat. Kvart minutt kjem det minst 15 tonn med ny plast i havet, og mengda aukar kvart år.

Livet begynte i havet. Her finst det utrulege artar, og mange av dei igjen står det framleis igjen å oppdaga. Bere sidan 1970 har 36 prosent av dyra i havet blitt borte. Nokre forskarar har funne ut at kanskje 99 prosent av alle sjøfuglar i verda vil ha plast i fordøyingssystemet sitt innan 2050.

9 av 10 fuglar av arten havhest i Noreg har plast i magesekken sin. Det er fleire milliardar plastbitar i havet. Mange dyr i havet er i fare for utrydding. Det er snart meir plast i havet enn fisk! Viss verda skal bli betre må me stoppa og bruka plast. Elles så vil det forandra framtida vår.

Her er åtte tips du kan gjera for å hjelpa havet:

  1. I staden for å bruka plastpose kan du for eksempel bruke eit tøynett. Dersom du ikkje har eit tøynett, kan du bruka ein plastpose viss du er ansvarleg nok.
  2. Ikkje spyl plast ned do eller kast det ute, kast det heller i avfallsposen for plast.
  3. Ikkje kjøp vatn på flaske. Viss du skal på biltur er det lurare å fylla på ein kopp med vatn eller ei flaske som ikkje er laga av plast.
  4. Ikkje skyll malingsrester ned vasken. Lever det inn i staden.
  5. Resirkuler plasten du har brukt – ikkje kjøp ny.
  6. Unngå unødvendig plastemballasje.
  7. Det er best å kjøpa kler i naturmateriale. Prøv å ikkje kjøp kler som ikkje har naturmateriale.
  8. Kjøp noko i tre eller tøy i staden for plast.

Her er vinnarane av konkurransen:

  1. Theodor Aasheim Imsland, 11 år
  2. Henriette Nysæter Silden, 12 år
  3. Ingrid Kristina Selsås, 10 år

Desse fekk heiderleg omtale:

  1. Malene Engevik Hatlevik, 12 år
  2. Tuva Kismul Østvold, 11 år