Vann Nynorsk barneboklitteraturpris: – Ei veldig kjekk overrasking

Harald Nortun fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2020 for Spådama i 7B, ei bok som handlar om kor langt ein er villig til å gå for å få venner og for å passa inn i eit nytt miljø.

– Det var ei veldig kjekk overrasking. Eg var ikkje var førebudd og visste ikkje ein gong at eg var nominert, seier forfattar Harald Nortun.

Men det stoppar ikkje der. Same veke som han fekk prisen, vart det kjent at boka også er nominert til Barnas bokpris og Bokslukerprisen. Der er det lesarane sjølv som stemmer fram vinnaren.

– Det blir ekstra spennande. Me voksne som skriv for barn og ungdom, er jo ikkje i målgruppa sjølv. Eg veit aldri heilt om det blir ei bok dei likar eller ikkje, seier han.

Likar historiar med situasjonar utanfor kontrollen

Foto: Samlaget

Spådama i 7B er ei realistisk historie, der forfattaren har blanda fleire sjangrar. Han freistar med både humor, spenning, uhygge og litt meir alvorlege ting å tenkja over.

– Eg likar historiar der personane hamnar i situasjonar dei ikkje har heilt kontroll over.

Me får møta Nina, som er ny i klassen. Ho kjenner ingen i 7B. Men ho kan fortelje dei nye klassekameratane sine kva som vil skje om nokre minutt og i neste time.

–  Sidan ho er heilt ny, veit ikkje resten av klassen at ho har snakka med læraren og fått info om timeplanen dei kommande dagane.

Ho blir utfordra til å spå kva som skjer i løpet av skuledagen, og tek utfordringa. Fleire gonger greier ho å fortelja kva som kjem til å skje.

Synest overnaturlege ting er fasinerande

– Dette fører til at ho hamnar i rolla som spådama i klassen, utan at det er noko ho egentleg vil. Nokre er for spådommar, og andre er veldig mot dei. Dermed blir det litt konflikt der, seier Nortun.

Kvar ideane til bøkene hans kjem frå, synest han er litt vanskeleg å svara på. Men denne ideen hadde han hatt i bakhovudet ei stund. Han synest overnaturlege ting er fasinerande.

– Dei som trur på spådomar og overnaturlege ting, trur verkeleg på det. Og dei som ikkje gjer det, trur absolutt ikkje på det. Inntrykket mitt er at det er få som er midt i mellom.

No håpar han at boka blir likt av målgruppa, som er mellom 9–12 år.

– Eg håpar at eg kjem til å gi dei ei god lesestund, avsluttar forfattaren.