Forskarar laga musikk av spindelvev

Forskarar ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA har gjort spindelvev om til musikk, og seier at ein snart kanskje kan forstå språket til edderkoppar.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at isbjørnen kan vere utrydda om 50 år og om høyretelefonar er skadeleg eller ikkje for høyrselen.

Forskarlaget har samarbeidt med MIT si eiga musikkavdeling og kunstnaren Thomás Saraceno, som tidligare har laga fleire spindelvev-kunstverk.

Det er CNN som omtalar saka. 

– Sjølv om spindelvevar ser veldig tilfeldige ut, er det faktisk mykje struktur innvendig. Ein kan visualisere dei og sjå på dei, men det er veldig vanskeleg for mennesket sin fantasi eller hjerne å forstå alle dei strukturelle detaljane.

Dette sa ingeniørprofessor ved MIT, Markus Buehler, då han la fram arbeidet på det digitale møtet til American Chemical Society i april.

Han forklarte også til CNN at når ein bevegde seg gjennom ein virtuell spindelvev med musikk, fekk ein ein betre idé om korleis eddekoppar ser verda. Dette fordi musikken lar ein sjå og høyre dei strukturelle forskjellane i edderkoppnettet.

Kommunisere med edderkoppar

Edderkoppar lagar vibrasjonar når dei gjer ulike aktivitetar, som når dei lagar spindelvev, paringslydar, eller kommuniserer med andre edderkoppar. Forskarane har teke opp desse og nyttar kunstig intelligens for å skape samanfattande versjonar.

Buehler seier dei kanskje kan klare å snakke språket til edderkoppar, og sende vibrasjonar tilbake slik at edderkoppen kan svare på signala på éin spesiell måte. 

Forskinga blei forseinka på grunn av pandemien, og pågår framleis.