Europa har fått sin første naturlege kvalpark

Eit havområde utanfor Tenerife er blitt utropt som Europas første havpark.

Eit havområde mellom dei to spanske øyene Tenerife og La Gomera, er offisielt blitt det første området i Europa som tek vare på og samtidig let menneske få besøkja kvalar i deira rette element, skriv Verdens Beste Nyheter.

Havområdet skal gjera kvaliturismen meir bærekraftig, men også beskytta dei store dyra på ein betre måte.

Jobbar for å gjera livet til kvalane betre

Framover skal det jobbast med å minska forurensing, dempa støy frå båtmotorar og driva opplæring i kvifor det er viktig å ta vare på kvalane.

Kvalområdet mellom Tenerife og La Gomera er det tredje farvatnet i verda, som blir verna på denne måten. Dei første var Hervey Bay i Australia og The Bluff i Sør-Afrika. Ytterlegare seks område, mellom anna i Brasil, Canada og New Zealand har søkt om å bli verna.