Mustafa Hasan (18): – Me er ikkje åleine lenger

Denne veka møter Mustafa Hasan Utlendingsnemnda (UNE) i retten. I løpet av veka skal framtida til 18-åringen avgjerast.  

Søndag var det ei markering til støtte for Mustafa Hasan og familien framfor Stortinget. Hasan var sjølv til stades, og takka alle som hadde stilt opp for å støtte han dagen før rettsaka startar.

– Me er ikkje åleine lenger, sa han til dei mange oppmøtte.

Frå scena fortalde han at sjølv om han er blitt eit ansikt utad for ei problemstilling som gjeld mange fleire enn han sjølv, er han også noko anna.

STORTINGET: Privatpersonar, organisasjonar og ungdomsparti møtte opp for å vise støtte til Mustafa Hasan og andre i same situasjon. Foto: Fredrik Krogstad Gulseth

– Eg er ein 18 år gamal gut som nettopp vart ferdig på Nesbru vidaregåande. Eg er ein gut som har vennar. Eg er ein gut som har eit liv i Noreg. 13 år seinare står eg her og prøvar å redde meg sjølv frå noko eg ikkje har gjort.

Utreisefrist om to veker

Mustafa Hasan og familien kom til Noreg i 2008, og fekk då mellombels opphaldsløyve. Retten deira til å bu i Noreg har blitt fornya fleire gongar, men i 2016 vart det bestemt at familien måtte forlate landet fordi mora hadde gitt feil informasjon om kvar dei kom frå.

Mora og fleire av søskena reiste då frå Noreg, mens Mustafa og den eitt år eldre broren Abdel vart verande fram til dei vart myndige.

No har Mustafa fylt 18 år, og har fått frist til å forlate Noreg 1. juli. Staten meiner det er trygt for han å reise til familien i Jordan. Advokaten hans meiner derimot at Mustafa har rett til å få bli i Noreg. Broen Abdel har fått varig opphald i Noreg, og det meiner advokaten at Mustafa også bør få sidan situasjonen deira er lik.

Alle ungdomspartia møtte opp i støttemarkering

Alle ungdomspartia møtte opp og heldt appell på støttemarkeringa på søndag. Simen Velle (20) representerte Framstegspartiet Ungdom (FpU), men var der også som venn av Hasan.

– Det var ei fin markering, men det føltes også litt som ei gravferd, seier Velle på telefon til Framtida.no.

Velle som har vakse opp i same gate som Hasan, har sjølv sett korleis han heile livet har måtta leve på vent utan moglegheit til å planlegge fram i tid slik jamaldra kompisar har gjort.

– Tida er den store syndaren her. Ingen skal måtte vekse opp på vent, seier Velle.

URETTFERDIG: Simen Velle i FpU trur på ein streng og rettferdig innvandringspolitikk, men meiner det er uhøyrd og urettferdig at kompisen Mustafa har måtte leve 13 år i uvisse. – Ingen skal måtte vekse opp på vent. Foto: Fredrik Krogstad Gulset

Han og ungdomspartiet meiner norsk innvandringspolitikk skal vere streng, men rettferdig. Velle meiner straffa må stå i stil til feilen som har blitt gjort.

– Det å stele nokon sin barndom slik er ei unødvendig streng straff, seier han.

Press: – Mustafa si sak er ingen unntak

Leiar i Press, Lea Mariero, rosar samtlege ungdomsparti, og særleg FpU, for å støtte opp om markeringa.

–  Det viser kor viktig saka er, og at me kan vere einige om ting sjølv om me er ueinig om mykje anna. At alle ungdomspartia møtte opp trur eg gjorde markeringa så spesiell som ho vart.

Ungdomsorganisasjonen har lenge arbeidd for at Mustafa og andre i same situasjon skal få bli i Noreg, og fleire av medlemmane var til stades på markeringa.

– Mustafa si sak er ingen unntak eller feil, det er vedteke politikk, seier Mariero.

Press ønsker å skrote lova som gjer at nokre einslege mindreårige asylsøkjarar må forlate landet når dei fyller 18.

– Det kan føre til store psykiske vanskar og uvisse hos barn og ungdom å gå rundt og vite at du skal bli kasta ut den dagen du fyller 18 år. Andre ungdommar gler seg til å ta lappen eller å bli russ om eit år, mens desse ungdommane blir fortalt at dei skal bli sende tilbake til ein plass dei kanskje ikkje hugsar eingong.

Vil setje barn sitt beste framfor innvandringsregulerande omsyn

No håpar Press-leiaren Mustafa si sak har fått politikarane til å vakne, og at ein framover kan vere politisk einige om å ha barna sitt beste som felles utgangspunkt når ein utformar norsk asylpolitikk.

– Me må setje barn sitt beste fremst i alle saker, ikkje innvandringsregulerande omsyn eller ønsket om å ta inn færrast mogleg.