Verdas mest kjente Mona Lisa-kopi skal seljast

Ein kopi av måleriet Mona Lisa, som eigaren i det lengste meinte var originalmåleriet, skal auksjonerast bort i Paris denne veka.

FAKTA: Leonardo da Vinci
  • Leonardo da Vinci (15. april 1452–2. mai 1519) er eit av dei mest kjente universalgenia i verda.
  • Han markerte seg som mellom anna ingeniør, anatom, målar, bilethoggar, musikar, arkitekt, zoolog, filosof, astronom, og paleontolog.
  • Han vart fødd utanfor ekteskap den 15. april 1452, i småbyen Vinci i Toscana nær Firenze i Italia.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

Måleriet er kjent som «Mona Lisa Hekking,» oppkalla etter kunsthandlaren Raymond Hekking. Han heldt til sør i Frankrike og kjøpte måleriet i Nice. På 1960-talet lukkast han å overtyda fleire kunsthistorikarar og journalistar om at dette var originalversjonen, medan versjonen som heng i Louvre-museet i Paris var falsk, skriv Finansavisen.

Italienske Vincenzo Perugia stal den originale Mona Lisa frå Louvre i 1911, men måleriet fann vegen tilbake til museet tre år seinare. Hekkings påstand var at det var feil måleri som kom tilbake til Louvre.

Vil selja verket

Då Hekking døydde i 1977, arva familien hans verket, og dei har no bestemt seg for å selja det.

Auksjonshuset Christie’s skal selja måleriet. Kvaliteten og den uvanlege historia er det som skil måleriet frå andre versjonar av Mona Lisa, som er eit av verdas mest kopierte verk.

– Dette verket og historia illustrerer kvar fascinerande Mona Lisa og Leonardo da Vinci sin aura alltid har vore, skriv auksjonshuset på nettsida si. Dei anslår at verket vil bli solgt for mellom to og tre millionar kroner.

Løyndomsfullt smil

Mona Lisa er eit 77 × 53 cm stort kvinneportrett i oljefargar på ei plate av poppeltre måla av den italienske kunstnaren Leonardo da Vinci. Portrettet er av ei ung kvinne med eit løyndomsfullt smil.

Det har vore lansert ein rad ulike forklåringar på kvifor ho smiler på dette viset, frå til dømes at det har å gjere med at ho var sjukleg, til at ho var lukkeleg og avslappa. Det er eigd av den franske staten og stilt ut i Musée du Louvre i Paris.

Allereie frå fyrste stund vart dette måleriet sett stor pris på i kunstnarkrinsar, og mange kunstnarar såg på det som eit føredøme på korleis eit portrett skulle målast.

(Det var NTB som fyrst omtala saka)