Fleire tusen har slutta i kulturskulen

Kulturskulane ser fram til at koronatida er over.

Nye tal frå SSB viser at kulturskulane har mista nesten 5000 elevar sidan førre skuleår.

– Me trur at dette kjem til å snu og me har store ambisjonar om det som skal bli, seier Egil Hofsli, som er kommunikasjonssjef i Norsk kulturskuleråd.

– Når me ser på korleis året har vore, er me ikkje overraska. Det som har skjedd no, er veldig naturleg i ein pandemi, seier Hofsli.

Han trur færre born har meldt seg på ein kulturskule grunna usikkerhet.

Positiv til framtida trass nedgang

– Mykje av undervisninga har vore digital. Dei fleste born ønskjer å møta andre for å vera saman fysisk. Og så har nokre slutta. Viss kulturskulen ikkje fungerer for deg, har det nok vore enkelt å gi seg det siste året.

I musikkundervisning har talet elevplassar minka mest.

Hoftsli fortel at Stortinget skal behandla stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur i juni. Der er kulturskulen eit sentralt tema.

– Det er me glad for. Me håpar at det vil gjera oss attraktive og føra til at me blir ein betre plass for enda fleire i framtida.