Danske lesehundar hjelper barn med lesevanskar

Erfaring frå heile Danmark viser at såkalla lesehundar hjelper barn som har lesevanskar.

Danmark fekk sin første lesehund på Frederica Bibliotek i 2011.

Inspirasjonen kjem frå USA, og no er det 25 bibliotek over heile landet der barn kan lesa med ein lesehund, skriv Gentofte Bibliotekerne.

Hjelper barn med lesevanskar

Det høyrest kanskje rart ut – eller mest av alt berre koseleg – med ein roleg augneblink mellom barn, hund og bok.

Erfaring frå heile Danmark viser at lesehundar hjelper barn som har lesevanskar og har mista motivasjonen til å komma i gang med lesing.

Ein lesehund er ein vennleg og barneglad hund som lyttar tålmodig og interessert til kva som helst historie. På danske bibliotek får barn høve til å lesa høgt for lesehunden i 20–30 minutt, og så gjera gøye hundetriks etter lesinga.